ØRSKOG BRASS


Go to content

Minnekonsert Jens Synnes

PRESENTASJON


Det var i år 100 år sidan folkemusiker og komponist Jens Synnes vart fødd. Dette vart markert med konsert på Ørskog Samfunnshus i regi av Ørskog Trekkspelorkester v/Kjell Opsal.
Vi deltok saman med andre krefter i bygda: Ørskogkoret m/ dirigent Åse Drabløs, Ørskog Trekkspelorkester med sin musikalske leiar Håvard Svendsrud, Sara Gausnes Aasen og Øystein Vestre som las ei helsing frå Henry Vike. Ordførar i Ørskog Torbjørn Fylling helsa frå Ørskog Kommune.
Med var også spelemannspris vinnar Arne Sølvberg som og nytta fela hans Jens på ein slått, Dagfinn Nupen som spelte bl.a. både seljefløyte og bukkehorn, Olav P Hjelvik m/Tressalaget og vokalisten Marianne Klokk som song "Aria" av Handel.
Særs trivelig var det at Jens sine gamle medmusikantar Arne Hagen (bass) og Asbjørn Lund (gitar) deltok på konserten.
På konserten blei det og presentert eit hefte som Norild forlag har gitt ut der alle slåttane av Jens Synnes for første gong er samla.
Artig var det at skulpturen til Jørund Amdam "Fela hass Jens" pryda scena.
Ørskog Brass framførte "Synneshallingen" arrangert av Philip Wilby. Dette arrangementet blir mykje brukt av brassband både i Norge og England. Vi framførte også slåttane "Hilsen til Grønli", "Jonsokbrura" og " I fyr og flamme", alle framifrå arrangert for anledninga av Jens Kristian Mordal frå Molde.
Som ein skjønar var dette ein svært variert og innhaldsrik konsert, og dei 2 timane den varte gjekk som ein røyk. Takk til Kjell Opsal for initiativ, gjennomføring og programleing på konserten.


Konsert info

Intervju i Sunnmørsposten -77

Bygdebladet 22 september 2010

Konsertplakat

Referat i Bygdebladet 13 0kt

Helsing frå Henry Vike

Notehefte

Bilder frå konserten


Sist oppdatert 22 feb 2012

Back to content | Back to main menu