ØRSKOG BRASS


Go to content

Simon Aasen

PRESENTASJON

Det var med sorg vi mottok melding om at Simon Aasen var gått bort. Simon var med og starta korpset vårt i 1972 og var med til 1986. Han var i mange år vår solohornist. Simon var svært musikkinteresert og var aldri tung å be når aktivitetar i korpset skulle settast i gang. Vi minnast Simon som ein godlynt og venesæl kamerat som var med å skape eit godt miljø i korpset. Han var og med i ØSS`n frå starten og i mange år framover. Ei gruppe av Simon sine korpsvener frå brassen og øss`n spelte i gravferda. Simon var svært avhalden, noko ei nær fullsett Ørskog Kyrkje bar bod om. Fred over Simon Aasen sitt minne.


Sist oppdatert 22 feb 2012

Back to content | Back to main menu